Saturday, April 07, 2007
Lace sensors
Det var vel ikkje uventa at den gamle Stratocasteren vart litt sjalu når Telecasteren kom i hus. Men eg var forberedt, og hadde kjøpt ein 3-pack med Lace Sensor Gold og 6 nye låseboltar til stolen. Så i går var det fram med loddebolten, og ut med innvollane til gitaren. Inn med to stk Lace Gold (eg hadde jo en raud lace fra før i broposisjon). Så gjekk vi vidare med demontering av låseboltar, ein kjapp reingjering av sadlar og på med dei nye boltane. På med nye strenger og ein kjapp runde med polering før vi kobla gitaren til - ALT dei skryte av i reklamen er sant. Gitaren har blitt fullstendig fri for støy, og eg lurer ikkje lenger på kvifor Strat'en til Clapton låter bedre enn min. Det er nok ikkje gitaren det står på lenger....
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment